Masfjorden kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin.
Masfjorden kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 2013 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 59 hyllemeter. I tillegg er det deponert 134 hyllemeter personregistermateriale. Arkiva 1837-1993 er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta. Arkiva 1994-2013 er under ordning hjå IKA Hordaland.
IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv.
Katalogane er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:
Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg.
Materialet er publisert til digitalarkivet.no:
Laster...