Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Vertskommunesamarbeid NAV Fensfjorden

NAV Fensfjorden er eit felles NAV kontor for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Modalen og Masfjorden. Masfjorden kommune er vertskommune og kontoret ligg på Hosteland.

Masfjorden kommune har i oppgåve å sikre ein forsvarleg forvaltning av arkiva som vert danna ved vertskommunesamarbeidet.

Sentralt regelverk som vert nytta  ved samarbeidet:

  • Arkivloven § 2 pålegger offentlege organ å halde arkiv. 
     
  • Arkivforskriften § 1 plasserer arkivansvaret hjå øverste administrative leier av organet, og det kommunale arkivansvaret omfatter også arkiv som er avlevert til arkivdepot. 
     
  • Riksarkivarens forskrift § 1 seier at organet i arkivplanen skal dokumentere korleis arkivansvaret blir ivaretatt, og på kva for ein måte arkivfunksjonen er organisert. 
     
  • Arkivforskriften § 20 stiller krav til at arkiva skal vere ordna etter slik dei vart danna.  
     
  • Arkivforskriftens §21 seier at dersom eit saksområde blir overtatt av ein virksomheit som ikkje er underlagt arkivlova kan ikkje arkivet overførast uten godkjenning frå Riksarkivaren.
     
  • Arkivforskriften § 17 krever at det vert utarbeida ein oversikt over overført materiale dersom arkiv vert overført mellom organ. Arkiv som tilhøyrer og danna hjå ulike organ skal ikkje verte blanda.
Laster...