Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Kommunestyret er kommunen sitt øvste styrande organ med 17 representantar. I tillegg til kommunestyret, har formannskapet, teknisk utval og kraftfondsstyret, den politiske styringa i kommunen.

Ordførar Karstein Totland - bilde

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyret, formannskapet, og administrasjonsutvalet. Ordføraren representerer kommunen i mange samanhenger og har hovudansvaret for kontakt med media. Ordføraren er bindeleddet mellom politikk og administrasjon. Ordførar er kommuneN sin rettslege representant.

Karstein Totland er ordførar i Masfjorden. Han er vald inn i kommunestyret frå Høgre og har hatt politiske verv i ei årrekkje.

Laster...